Kontrollingeniørar/ingeniørgeolog tunnel til E16 over Filefjell

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedFilefjell/Tyinkrysset
Søknadsfrist20.02.2014

Statens vegvesen er i gang med bygging av ny E16 frå Øye i Vang kommune i Oppland til Borlaug i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Vegstrekninga er 40 km inklusiv 3 tunnelar på til saman 12 km, og har ein totalkostnad på 3 milliardar kroner. Anlegget er venta ferdigstilt i 2017 - 2018. Byggherrekontoret vert frå sommaren 2014 lokalisert til Tyinkrysset i Vang kommune.

Vi har ledig 1-2 faste stillingar som kontrollingeniørar/ ingeniørgeolog i tunnel. Stillingane er knytt til byggherrepoolen i Region vest, for tida med kontorstad på byggherrekontoret for prosjektet.

Arbeidsoppgåver:

• Rapportering og tett samarbeid med byggjeleiar

• Kartlegging og dokumentasjon av fjellkvalitet

• Oppfølging av kontrakt med entreprenør med fokus på teknisk kvalitet inkludert oppfølging av entreprenøren sin driftskontroll og gjennomføring av byggherrens stikkprøvekontroll

• Oppfølging av kontrollplanar

• Handtering av avvik, tillegg og endringar

Kvalifikasjonar for kontrollingeniør:

Det er ønskeleg med utdanning som ingeniørgeolog og erfaring frå tunnelbygging.

Det blir lagt vekt på at du er initiativrik og har dei rette personlege eigenskapane for å jobbe i team.

Det er elles viktig med gode datakunnskapar sidan kommunikasjonen og dataflyt mellom byggherre, rådgjevarar og entreprenørar i hovudsak er basert på internett/web-hotell.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den

vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Krav om førarkort klasse B.

Vi tilbyr:

• Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

• At du blir ein del av det største byggherremiljøet innafor veg- og anleggsarbeid på Vestlandet

• Gode vilkår for fagleg oppdatering og vidareutdanning

• Eit triveleg arbeidsmiljø og ordna arbeidsforhold

• Løn etter avtale i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse.

• Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjar varslast om dette. Utlysningsnr: 3-007-14


Søk stillinga her


Kontaktpersonar:

Odd Erik Haugen

tlf: +47 57655768

mob: +47 95046057


Sverre Kjos-Wenjum

mob: +47 95259750