Byggeleiarar Vegseksjon Haugesund

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedHaugesund
Søknadsfrist09.02.2014

I Statens vegvesen Region vest er det ledige stillingar som byggeleiarar ved Vegseksjon Haugesund. Stillingane inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil f.t. vere knytt til Vegseksjonen i Haugesund. Vi er i dag 34 tilsette. Vi følgjer opp små og store utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt både på riks- og fylkesveg, og prosjekt finansiert gjennom Haugalandspakken. Vi har ei stadig aukande portefølje, og vi er på jakt etter dyktige medarbeidarar som kan vera med oss på vegen vidare.

Aktuelle arbeidsoppgåver for byggeleiar innan drift/vedlikehald:

  • Være med å utvikle nye driftskontraktar
  • Byggeleiing og oppfølging av driftskontraktar

Aktuelle arbeidsoppgåver for byggeleiar investeringsprosjekt:

  • Delta i prosjektering av kommande prosjekt, samt utarbeide tilhøyrande konkurransegrunnlag
  • Byggeleiing og oppfølging av prosjekt

Felles for stillingane:

  • Oppfølging og rapportering av kvalitet, framdrift og økonomi
  • Kontakt med kommunar, leidningseigarar og grunneigarar
  • Delta aktivt i helse, miljø og tryggleiksarbeidet (HMS)
  • Andre byggherreoppgåver på seksjonen

Kvalifikasjonskrav:

Vi ynskjer minimum 3 år utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande kvalifikasjonar. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Førarkort for bil (kl. B) er eit vilkår.

Statens vegvesen nyttar fleire ulike system i oppfølginga, og god IKT kunnskap er nødvendig. Det er og eit ynskje at søkar har praksis og kompetanse innan vegfag og kontraktsadministrasjon.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den er godkjend av NOKUT( www.nokut.no).

Generelt vil det bli lagt vekt på:

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kontrakt
  • Tverrfagleg erfaring og gode samarbeidsevner
  • Evne og interesse for lag-arbeid og å skape gode resultat saman med andre
  • At du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø internt og mot entreprenørar

Vi kan tilby:

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver som byggeleiar
  • Eit stort og godt byggherremiljø
  • Gode kollegaer i eit flott og positivt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Pensjonsordning
  • Skyss- og kostgodtgjersle etter regulativ

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den er godkjend av NOKUT( www.nokut.no).

Lønsvilkår

Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etatens lønnspolitikk. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens Pensjonskasse.

Søknad

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Nærare opplysningar om stillingane kan ein få hos seksjonsleiar Ann Mari Sandvin Hardeland, tlf. 519 11541/480 53369

Søk via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb utlysingsnr: 3-004-14


Vis flere stillinger: