Støypinga av plata som undergangen skal kvile på gjekk kontinuerleg i 12 timar. Gjennom denne undergangen skal fv.610 kryss under nye E39, som går frå aust til vest. (Foto: Statens vegvesen)

Betongarbeid i rute på E39 i Sogn og Fjordane

- Det har vore gunstige forhold for vegbygging denne hausten. Den snøen som kom forsvann fort, og det har vore relativt mildt. Vi er i rute i høve framdriftsplanen, seier prosjektleiar for utbygginga E39 Dregebø-Grytås og Birkeland-Sande nord, Svein Reidar Dale.

Betongarbeidet går for fullt, med boring, sprenging og massutskifting, melder vegvesen.no.

Platestøyp

- Det er fjerna skog og masser frå fv.610, og her er vi godt i gang med betongarbeid på undergangen som nye E39 skal gå oppå. Fundamenta på Sandefoss bru er også i ferd med å ta form, seier Dale.

Torsdag 20.desember vart plata som skal bere undergangen der fylkesveg 610 skal krysse nye E39 støypt i ei lang økt. Det gjekk med 250 kubikk med betongmasse, og støypearbeidet starta klokka sju om morgonen og varte i 11-12 timar. Trafikken gjekk på ein omkøyringsveg.

Storkontrakt

Med unntak av betongdelen som allereie er i gang, skal resten av arbeidet på E39 Sande-Birkeland nord og Dregebø-Grytås utførast i ei storkontrakt. Denne kontrakten vil innehalde 9 kilometer veg og ein kilometer tunnel. Dokumenta er no til gjennomgang i Vegdirektoratet, og prosjektleiaren ventar å få dei i retur i midten av januar. Då er det klart for utlysing.

- Dette skal ikkje ha noko å seie for framdrifta, vi satsar på oppstart etter påske, seier Dale.

Les meir om prosjektet her