Kontrollingeniørar elektro

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens Vegvesen region vest
FylkeRogaland
StedHaugesund
Søknadsfrist12.01.2014

Statens vegvesen skal oppgradera eksisterande tunnelar i fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det er i første omgang tunnelar på E39 og E16 som er prioritert, men dette vil bli tilpassa fortløpande.

Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen, men vil f.t. vere knytt til Prosjektavdelinga ved prosjekt Tunneloppgradering i Region vest .

Arbeidet startar i 2014 med utarbeiding av konkurransegrunnlag første halvåret. Fysiske tiltak i tunnelane vil starta kring sommaren 2014. Prosjektet er planlagt gjennomført i løpet av 5 år, dette kan bli forlenga alt etter arbeidsomfang og løyvingstakt. Prosjektet vil ha eit tett samarbeid med Vegavdelingane i fylka samt med Veg- og Transportavdelinga.


Hovudarbeidsoppgåver:

Utarbeiding av konkurransegrunnlag.

Oppfølging av entreprenørar i byggefasen.

Oppgåver med fokus på HMS og Ytre Miljø.

Planlegging av trafikkomleggingar og

omkøyringsruter.

Kontakt med offentlege etatar, redningsetatar og

vegbrukarar.

Ansvar for teknisk kvalitetskontroll og dokumentasjon.

Diverse sakshandsaming.


Kvalifikasjonskrav:

Eksamen frå universitet eller høgskule frå

elektroteknisk linje for elkraft eller automasjon.

Søkjarar med omfattande og relevant erfaring innanfor dei

aktuelle fagområda, samt 2 årig teknisk fagskule

(same linjeval) eller fagbrev Gr.L, kan kompensere for manglande formell utdanning.

Erfaring med installering og drift av industrianlegg,

samt samferdselsanlegg er ynskjeleg.

Kompetanse til å kunne medvirka til

gjennomføring av internkontrollsystemet

for elektrotekniske arbeider i regionen.

Ynskjeleg med erfaring frå prosjektering av sterkstraums elektroanlegg.

Erfaring frå bruk av dataverktøy ved prosjektering (Febdok, AutoCAD).

Førarkort med førarrett i klasse B.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).


Personlege eigenskapar:

Evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver.

Samarbeidsevner/kunne jobbe i team.

Selvstendighet i arbeidet.


Statens vegvesen ein god arbeidsplass:

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydelege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har rom for fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.


Søknad

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje vil vi varsla søkjar om dette.


Kontaktperson:

Har du spørsmål til stillingane, kan du kontakta prosjektleiar Rune B. Sandven, mob.. 906 53 462 eller rune.sandven@vegvesen.no

Dersom du synst at dette høyrest ut som stillinga for deg, sender du søknad her

Vis flere stillinger: