Charlie og utdelar Magnus Ericsson.

Bolteoppfinnar Charlie Li tildelt prestisjefylt teknologipris

Professor Charlie Li ved NTNU i Trondheim er tildelt den prestisjefylte Northern Lights Technology Award for 2013.

Han får utmerkinga for sitt arbeide med D-Bolt, ein ny og innovativ bergsikringsbolt som hjelper gruver til å bli sikrare og meir effektive. Professor Li, tidlegare bergmekanikar ved Bolidens Kristineberg-gruve og i dag tilsett ved NTNUs institutt for geologi og bergteknikk, fekk utdelt prisen i går på Mining on Top: Stockholm, ein av Nordens viktigaste gruvekonferansar .

D-Bolt er ei patentert oppfinning som professor Li starta arbeidet med i 2006, og som vart kommersialisert av NTNU-starta Dynamic Rock Support i 2009. Bolten er i dag av fleire gruver verda over, mellom anna i nord-Sverige. Innovasjonen i D-Bolt ligger i utforminga, som i kombinasjon med eit spesielt stålet skal redusere risikoen for og konsekvensane av ras i gruvetunnelar.

Manus Ericsson, direktør i internasjonal Raw Materials Group, overrekte Northern Lights Technology Award foran ei stor forsamling av nordiske og internasjonale gruvefolk, politikarar og and beslutningstakarar som var samla i Stockholm til den tiande utgåva av Mining on Top. Før han ga prisen til Li, sa han at juryen hadde vektlagt kvaliteten på innovasjonsarbeidet som hadde ført til den viktige utviklinga som D-Bolt representerer for sikringa av djupe gruver.

Charlie Li var veldig takksam for prisen, men i sin takketale uttrykte han størst takknemlegheit for at D-Bolt hadde vorte så godt mottatt av gruvefolk.

-- Eg vil takke mine venner i gruvebransjen, spesielt i Sverige, Canada og Australia, for deira oppmuntring, samarbeid og støtte til arbeidet med D-Bolt, sa Charlie Li.

D-Bolt leveres i dag til gruvekundar i Sverige, Canada, Australia, Chile, USA og Sør-Afrika, og produktet har opplevd ein forsterka vekst etter at den finske gruveteknologibedrifta Normet kjøpte opp Dynamic Rock Support i februar i år. Normet produserer og leverer også utstyr og kjemikaliar til internasjonale gruve- og tunnelkundar. Trond Skogseth, tidlegare DRS og no direktør for bergsikring i Normet International, deltok òg på prisutdelinga og uttrykte tilfredsheit på Prof. Li og D-Bolt sin vegne.

– Dette er ei stor og velfortent påskjønning til Charlie for eit viktig bidrag til denne bransjen. Det er fantastisk at eit ektefødt nordisk produkt kan hjelpe til med å gjere kvardagen til gruvearbeidarar sikrare. For oss som arbeider med D-Bolt er dette noko som styrkar motivasjonen vår ytterlegare til å presentere D-Bolt til nye gruver som har eit behov for betre bergsikring, seier Skogseth.