Vi søkjer etter ein kollega som er samfunnsinteressert og ser det som utfordrande og spennande å arbeide med oppgåver knytt til forureina avrenningsvatn frå bygging og drifting av vegnettet i FoU-programmet Nordic Road Water (NORWAT).
Du vil bli ein del av eit sterkt og engasjert fagmiljø ved Miljøseksjonen i Trafikksikkerhet, miljø og teknologiavdelingen i Statens vegvesen Vegdirektoratet. Miljøseksjonen arbeider med fagleg utvikling, rådgjeving og forvaltning innanfor fagområda støy, klima, luft- og vassforureining, vegetasjon, estetikk, landskapsarkitektur, naturmiljø og kulturmiljø. Vi har brei kontakt med andre aktørar både internt og eksternt.
Engasjementet er for eitt år med høve til forlenging
Ansvar og arbeidsoppgåver:
FoU-programmet NORWAT har som mål at Statens vegvesen skal planleggje, byggje og drifte vegnettet utan at det fører til uakseptabel skade på vassmiljøet . Du vil bidra til at Statens vegvesen når desse måla, bl.a. ved å ha ansvar for ulike delprosjekt innan NORWAT, t.d. utvikling av verktøy for å fastslå når og korleis forureina vegvatn skal reinsast.
Kvalifikasjonskrav:
• Eksamen på doktorgradsnivå frå universitet eller høgskule innan relevante fagområde som t.d. miljøkjemi og økotoksikologi.
• Vi legg stor vekt på at kandidaten sjølv har røynsle i vitskapleg publisering og dessutan røynsle frå miljørettet risikovurderinger. Kjennskap til modellverktøy som t.d. «Biotic Ligand Model» vil vere ein fordel.
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk.
• Gode samarbeidsevner
For kandidatar med sterk og allsidig røynsle frå det aktuelle fagområdet, i tillegg til gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Vi søkjer deg som har evne til å ta initiativ og får ting til å skje. Det er viktig at du kan setje deg raskt inn i ulike problemstellingar, og å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta. Du vil ha kontakt med mange kollegaer i regionane og med forskarar og fagfolk i andre etatar og organisasjonar. Dette krev at du har fagleg og teknisk kompetanse og er eit god nettverk sitt- og relasjonsbygger.
Vi kan tilby:
• Interessante, utfordrande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø med spisskompetanse innan fleire miljøtema
• Konkurransedyktige vilkår og løn etter avtale i samsvar med etaten sin lønnspolitikk
• Gode høve for personleg og fagleg utvikling i ein stor, landsdekkande organisasjon.
• Høve til internasjonalt samarbeid på nordisk og europeisk nivå
• Fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Sidsel Kålås, 95188572 eller sjefingeniør Sondre Meland, 97037586
Statens vegvesen arbeider for likestilling. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er eit personalpolitisk mål å nå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar personar med innvandrarbakgrunn til å søke stillinga.
Vegdirektoratet er ei IA-verksemd. Arbeidsforholda blir lagt til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb - ledige stillingar i Vegdirektoratet innan 5.desember.