Regional kundekontakt (KAM) i marknadsområde vest - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist03.12.2013

Hovudfokuset for marknadsområdet er å inngå, etablere og følgje opp leigekontraktar med militære leigetakarar for maksimal utleige av bygningsmassen i regionen; inkludert å ta seg av forvalting, drift- og vedlikehald samt utviklingsoppgåver etter avtale med leigetakar og/eller eigar.

Kontorstad vil vere på Haakonsvern i Bergen.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for kundedialog med definerte aktørar i Forsvaret
  • Ansvar for koordinering av alle eigedom-, bygg- og anleggsprosessar, mellom anna investering, drift, forvalting og avhending
  • Ansvar for fagleg oppfylging av arenaleiarar med omsyn til arenakonseptet
  • Medverke til samarbeid mellom einingane i Forsvarsbygg, med kommunar og lokalt næringsliv

 

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Røynsle frå kundedreven verksemd
  • Må kunne tryggleiksklarerast for hemmeleg

 

Eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Sterk relasjonsbygger
  • Serviceinnstilt
  • Nytenkjande
  • Sjølvstendig

 

Vi tilbyr

  • Løn som rådgjevar/ seniorrådgjevar (kode 1434/ 1364) i Statens lønsregulativ
  • Utfordrande jobb i eit spanande miljø
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse med mogelegheit for rimelege bustadlån
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar



Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=1961287043&company_id=230936&Link_source_id=&use_position_site_header=0

Vis flere stillinger: