Erfaring frå arbeid med konkurransegrunnlag?

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens Vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedLeikanger, Bergen eller Stavanger
Søknadsfrist01.12.2013

Statens vegvesen Region vest har mange, store og utfordrande utbyggingsprosjekt under planlegging og ventar stor aktivitet på byggherresida i åra framover.  Ein viktig føresetnad for god kvalitet på dei prosjekta Statens vegvesen gjennomfører er ryddige og gode innkjøpsprosessar, og ein viktig føresetnad for dette er gode konkurransegrunnlag.

Ein av våre mest erfarne medarbeidarar innan fagområdet går snart av med pensjon og vi har difor ledig ei stilling med kvalitetskontroll av konkurransegrunnlag som ei viktig oppgåve. Leiing av regionalt fagnettverk og aktiv rådgjeving inn mot dei operative byggherremiljøa er blant dei andre sentrale arbeidsoppgåvene.

Stillinga er knytt organisatorisk til Veg- og transportavdelinga, Byggherreseksjonen, som m.a. har eit overordna, koordinerande fagansvar for byggherreområdet (investering, drift og vedlikehald) i regionen.

Dei tilsette på regionsnivå skal støtte dei tre vegavdelingane, prosjektavdelinga og regionsleiinga. Dei skal òg vere bindeleddet mellom dei operative einingane og Vegdirektoratet. Kontorstad vil vere anten Leikanger, Bergen eller Stavanger.

 

Andre sentrale arbeidsoppgåver:

  • Kvalitetssikring av konkurransegrunnlag før utlysing (primært utbyggingsprosjekt)
  • Fagleg rådgjeving til regional anskaffingsnemnd i samband med evaluering av innkomne tilbod 
  • Fagleg støtte til regionen sitt operative byggherremiljø når det gjeld utarbeiding av konkurransegrunnlag og evaluering av tilbod
  • Ta initiativ til kursing av byggherrepersonell på prioriterte område (t.d anskaffingsreglementet) i samarbeid med HR-avdelinga.
  • Vere med og vidareutvikle standardmalane for konkurransegrunnlag for utbyggingsprosjekt

 

Kvalifikasjonskrav
Det vert kravd min. 3-årig utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis ingeniørutdanning (t.d. bygg- og anleggsfag) eller juridisk utdanning. Erfaring frå fagområdet, min. 2 år, og det vil vere ein fordel om du har arbeida med utbyggingsprosjekt, entrepriserett og/eller kontrakts- /innkjøpsarbeid i offentleg forvalting.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT (www.nokut.no).

 

Stillinga krev at du :

  • har gode samarbeidsevner
  • er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert med organisering av eige arbeid
  • er systematisk og har auge for detaljar
  • evner å ta ansvar og å arbeide sjølvstendig
  • har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
  • har interesse for og evne til å leie faglege utviklingsprosjekt

 

Med dei krav til mobilitet som ligg til stillinga, ser vi det elles som ein føremon at du har førarkort klasse B.

 

Vi kan tilby

  • engasjerande og samfunnskritiske arbeidsoppgåver
  • eit triveleg arbeidsmiljø
  • lovfesta pensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid
  • rom for etter- og vidareutdanning
  • løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk.  Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

 

Søknad
Statens vegvesen er opptekne av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

 

Kontaktpersonar
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos seksjonsleiar Øyvind Haaland på
tlf  976 99 580, eller hos senioringeniør Jan Olav Skogland, tlf 482 75 482.


Send søknad via vår jobbportal på www.vegvesen.no/jobb, utlysningsnr.3-086-13, innan 01.12.2013.