Anleggsstart på Larsnes-Breivikneset

Denne veka startar arbeidet med ein samanhengande gang- og sykkelveg mellom Larsnes og Breivikneset i Sande kommune. Prosjektet vil auke trafikktryggleiken og gi ein trygg skuleveg

Statens vegvesen har gitt oppdraget med bygginga til entreprenøren Aurvoll og Furesund AS. Arbeida skal vere ferdig i løpet av november 2014. Til saman vert gang- og sykkelvegen 1,3 km.

I tillegg til bygging av sjølve vegen skal det leggast nye vass- og avløpsleidningar og settast opp gatelys, rekkverk og natursteinsmurar i samband med prosjektet, melder vegvesen.no.

Dei som bur i nærleiken av anleggsområdet får i ein periode meir støy og ein del anleggstrafikk i nærområdet sitt.

- Vi skal saman med Aurvoll og Furesund gjere det vi kan for at ulempene vert så små som mogleg. Vi ber dei som bur og ferdast i området om å vere spesielt merksame både på anleggstrafikken og at dei ser til at dei ikkje kjem inn i arbeidsområdet vårt, seier byggeleiar Arne Leikanger i Statens vegvesen.