Stor Filefjells-kontrakt ut på anbod

I november blir bygginga av E16 Varpe bru – Smedalsosen over Filefjell lyst ut. Strekninga består av 14 kilometer veg i dagen og seks kilometer tunnel. Planlagt anleggsstart er våren 2014.

Det skriver Statens vegvesen i ei pressemelding.

E16 over Filefjell er i dag den sikraste fjellovergangen om du skal mellom aust og vest på vinteren, men også her er det stengingar på grunn av vogntog som køyrer seg fast i snø som driv inn i vegbana.

Skal bli vintersikker

Ny og betre veg mellom Varpe bru i aust og Smedalsosen i vest skal gjere vintervedlikehaldet lettare, redusere talet bilbergingar og gjere vegen tryggare mot ras. Når prosjektet står ferdig i 2017 vil E16 Filefjell vere ein effektiv og vintersikker hovudriksveg mellom Vest- og Austlandet.

I kontrakten E16 Smedalsosen-Varpe bru ligg det også inne ei utbetring av Tyinkrysset, som er eit naturleg samlingspunkt for hytteturistar og vintersportsgjester i området. Her skal trafikksituasjonen blir betre, mellom anna for bussar og passasjerar.

Vegbygging på høgfjellet

Ein stor del av strekninga kryssar høgfjellet, og det vil bli utfordringar ved å byggje veg i slik høgde, vedgår prosjektleiaren for E16 Filefjell, Odd Erik Haugen.

- Den entreprenøren som får kontrakten står ovanfor ein omfattande jobb med å flytte masser og byggje veg. Mange av oppgåvene må utførast på sommarhalvåret då vinteren kan vera hard i 1000 meter høgde over havet. Totalt er det godt over ein million kubikkmeter masse som skal plasserast ut som fylling og overbygning i vegen, fortel Haugen.

Det vil bli svært stor aktivitet på E16 Filefjell neste sommar. Naboparsellen på vestsida, Smedalsosen – Borlaug, er under bygging og skal vere ferdig hausten 2014.