Fagingeniør bygg til Stavanger eller Bergen - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeFlere fylker
StedBergen eller Stavanger
Søknadsfrist17.11.2013

Spanande mogelegheiter i ei moderne og framtidsretta eigedomsverksemd for byggingeniør!

Som fagingeniør på bygg vil du ha det overordna ansvaret for teknisk og økonomisk kvalitetssikring av bygg-/anleggsprosjekt innan marknadsområdet. Du vil også få vere med å utvikle planverk for gjennomføring av prosjekt, samt leie prosjektering, innkjøp, følgje opp kontraktar i produksjonsfasen, framdriftsplanar, dokumentasjon og økonomi og du vil ivaretake koordinering med kundekontaktar i samband med prosjekta.

Hovudfokuset for marknadsområdet er å inngå, etablere og følgje opp leigekontraktar med militære leigetakarar for maksimal utleige av bygningsmassen i regionen; inkludert å ta seg av forvalting, drift- og vedlikehald samt utviklingsoppgåver (FDVU) etter avtale med leigetakar og/eller eigar.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver

  • Utstrakt samarbeid med prosjektleiar (tilsvarende) for vedlikehald.
  • Ivaretake og utvikle internkontroll i prosjekta.
  • Sørge for at FDV-dokumentasjon vert innhenta, oppbevart samt gjort tilgjengeleg.
  • Ivaretake HMS innan prosjekta.
  • Utarbeide kostnadsoverslag og tilbod på tenester etter førespurnad.
  • Gje innspel til vedlikehads- og utviklingsplan for marknadsområdet, samt evntuelt iverksetting av tiltak nedfelt i planverket.
  • Oppfølgjing av prosjekt i regi av Forsvarsbygg utvikling innan marknadsområdet.
  • Utarbeide tilstandsanalyser på eigedomene.
  • Oppdatering av teknisk arkiv (tegningar og dokumentasjon).
  • Ivaretake interne kursbehov innan fagfeltet.
  • Inneha og ivaretake kompetanse med omsyn til lover og forskrifter knytt til bygg og anlegg.

 

Kvalifikasjonar



  • Må kunne trygleiksklarerast for hemmeleg

 

Eigenskapar

  • Kundeorientert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Strukturert
  • Påliteleg
  • Målretta
  • Resultatorientert
  • Initiativrik

 

Vi tilbyr

  • Løn som overingeniør (kode 1087) etter lønsregulativet til staten
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ein utfordrande jobb i ei dynamisk verksemd
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar
  • Rimelege bustadlån i Statens Pensjonskasse



Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=1936725894&company_id=230936&Link_source_id=&use_position_site_header=0