Superbruker energioppfølgingssystem i Bergen - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist17.11.2013

I stillinga som superbruker på energioppfølgingssystemet vårt, er du marknadsområdets fremste kontaktledd saman med energileiar overfor brukarar av eigedomane med omsyn til energioptimalisering. Du skal sørgje for at det brukaren treng av tilfredsstillande EBA-løysingar vert fortløpande ivareteken.

Til å utføre desse oppgåvene søkjer vi ein dyktig og godt motivert medarbeidar med elektrofagleg bakgrunn.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda.
Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver

  • Iverksette og gjennomføre energiforvaltning av dei einskilde bygga med omsyn til utarbeidde retningslinjer
  • Bidra til at energioppfølgjing vert gjennomført ute på dei einskilde verksemda/bygga
  • Tilrettelegge og kontrollere at energioppfølginga og naudsynt rapportering vert gjort med omsyn til eksisterande retningslinjer
  • Kontinuerleg følgje opp energibruken i bygga og informere serviceansvarlege driftsteknikarar (SDT) og energiansvarleg
  • Analysere energibruken i bygga og utforme forslag til tiltak
  • I samarbeid med kunden sin representant i eigedomen delta i informasjons- og opplæringsaktiviteter som sikrar lågast mogelege driftskostnadar.
  • Ansvar for å opprette direkte dialog og telefonisk tilgjengligheit med aktuelle driftsteknikarar og dei som utfører reinhaldet i bygga, slik at alle feil, mangler og behov innen energioptimalisering vert fanga opp og vert løyste.
  • Vere intern kontaktperson og pådrivar i verksemda i samband med informasjon om det sparepotensialet dette området har
  • Rapportere fremdrift og økonomi etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld
  • Ta i mot informasjon og samarbeide med energiansvarleg for få finne frem til relevant informasjon til medarbeidarar og brukarar av bygga
  • Ivaretake kontakt og dialog om status med kunden sin representant og brukarar Lære opp kunden sin representant og brukarar i bruk av eigedomen og følge opp og kontrollere alle energitiltak i bygga
  • Regelmessig forbruksregistrering innan energiforbruk
  • Følge opp avvik, tette energilekkasjer og rapportere desse til energiansvarleg
  • Formidle og følgje opp oppdrag innafor og utafor eige kompetanseområde
  • Stø og utføre ettersyn og løpande drift for tekniske anlegg med omsyn til energioptimalisering
  • Følgje opp drifts- og vedlikeholdsoppdrag innan energiforvaltning utført av eksterne leverandørar
  • Gje innspel til drifts- og vedlikehaldsplanar vedrørande tiltak relatert mot energioptimalisering
  • Følgje opp tildelte arbeidsordre
  • Etter avtale delta i heimevaktordning
  • Delta i tverrfagleg samarbeid i marknadsområdet
  • Gjennomføre pålagte kurs med omsyn til gjeldande kompetanseplan

 

Kvalifikasjonar



  • Må kunne trygleiksklarerast for hemmeleg

 

Eigenskapar

  • Strukturert
  • Utadvent
  • Kundeorientert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Påliteleg
  • Ansvarsmedveten
  • Målmedveten

 

Vi tilbyr

  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn som driftsteknikar/driftsleiar (kode 1136/1137) iht Statens lønnsregulativ
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar
  • Utfordrende jobb i ei dynamisk verksemd

 

 

Kontaktinformasjon:


 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=1935404520&company_id=230936&Link_source_id=&use_position_site_header=0


Vis flere stillinger: