Verdibevarar til Bergen eller Stavanger - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeFlere fylker
StedBergen eller Stavanger
Søknadsfrist17.11.2013

 

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide og oppdatere fornyingsplan for marknadsområdet. Det skal leggjast vekt på å konsekvensutgreie utsetting av dei respektive tiltaka som vert lagt fram i planen. Planen skal utarbeidast i samarbeid med øvrig fagpersonalel i markedsområdene.
  • Utarbeide og oppdatere ein fireårig vedlikehaldsplan for marknadsområdet.
  • Følgje opp vedlikehaldsproduksjonen gjennom året og fortløpande dokumentere eventuelle endringar i planen.
  • Utarbeide og oppdatere ein femårig plan for dei bygga som det skal utarbeidast tilstandsanalysere for i dei respektive åra, slik at avdeling utleie kan nå kravet sett av eigar om at 20% av portefølja skal verte vurdert kvart år. Resultata som kjem fram i analysane skal nyttas ved framsending av fornyingstiltak.
  • Sjå til at alle skader, feil og manglar vert registrerte og fylgd opp med omsyn til vedtekne retningslinjer, og at dei sakene som krev sakshandsaming vert gjevne naudsynt oppfølgjing.
  • Vere marknadsområdets kontaktperson opp mot sentral skadefunksjon.

 

Kvalifikasjonar

  • Formell teknisk utdanning på høgskolenivå (bachelor).
  • God økonomiforståing er naudsynt i stillinga.
  • Grunnleggjande kunnskap om og interesse for bruk av dataverktøy.
  • Røynsle frå eigedomsforvalting er ynskjeleg.
  • Det er ynskjeleg at den som vert tilsett har både teknisk og økonomisk kompetanse
  • Må kunne trygleiksklarerast for hemmeleg

 

Eigenskapar

  • God skriftlig og muntlig fremstillingsevne.
  • Gode samarbeidsevner og strukturert arbeidsmetode er nødvendig.

 

Vi tilbyr

  • Løn som overingeniør (kode 1087) etter lønsregulativet til staten
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ein utfordrande jobb i ei dynamisk verksemd
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar
  • Rimelege bustadlån i Statens Pensjonskasse

 

 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=1936766287&company_id=230936&Link_source_id=&use_position_site_header=0