Prosjektleiar energileiing i Bergen - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeHordaland
StedHaakonsvern, Bergen
Søknadsfrist17.11.2013

 


Spanande moglegheiter i ei moderne og framtidsretta verksemd!

Sidan prosjektleiaren innan energileiing har fått nye utfordringar, søkjer vi no etter ein ny dyktig prosjektleiar for dette fagområdet.

Hovudfokuset for marknadsområdet er å inngå, etablere og følgje opp leigekontraktar med militære leigetakarar for maksimal utleige av bygningsmassen i regionen; inkludert å ta seg av forvalting, drift- og vedlikehald samt utviklingsoppgåver (FDVU) etter avtale med leigetakar og/eller eigar.

På overordna nivå vert det utarbeidd tiltaksplanar og tiltakspakkar for kvart område. Tiltakspakkane vert utarbeidde, skildra og kontraherte anten gjennom rammeavtalar eller ved utlysing på Doffin. Omfanget er skildra og kostnader avdekte før dei kjem til gjennomføring. Då overtek marknadsområda ansvaret for installasjon og oppfølgjing. Denne stillinga vil vere ansvarleg for alle tiltakspakkar innan same område, og skal gje månadlege framdrifts- og kostnadsrapportar til program- og energiansvarlege.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver

  • Leiing av tildelte tiltakspakker i gjennomføringsfasen og tidleg driftsfase fram til entreprenøren/leverandøren har dokumentert leveranse etter kontrakten
  • Gjennomføring i samsvar med Forsvarsbygg sitt kvalitetssystem
  • God økonomi-, usikkerheits-, framdrifts- og kontraktsstyring
  • I samarbeid med kunden sin representant for eigedomen delta i informasjons- og opplæringsaktivitetar for å sikre funksjonelle anlegg til lågast mogeleg driftskostnad
  • Følgje opp tildelte arbeidspakker
  • Sikre godt samspel og kommunikasjon mellom alle involverte aktørar i dei ulike fasane av prosjekta
  • Rapportere om framdrift og økonomi etter dei retningslinjene som gjeld til ei kvar tid
  • Hjelpe til med gjennomføring av andre oppgåver som har med energioptimalisering å gjere etter instruksar frå overordna
  • Vere i løpande kontakt og dialog om status med representantar for kunden og brukarar av bygg som er under ombygging
  • Formidle og følgje opp oppdrag innafor og utafor eige kompetanseområde
  • Gje innspel til drifts- og vedlikehaldsplanar
  • Delta i tverrfagleg samarbeid i marknadsområdet

 

 

Kvalifikasjonar


  • Må kunne trygleiksklarerast for hemmeleg

 


Eigenskapar

  • Kundeorientert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Strukturert
  • Påliteleg
  • Målretta
  • Resultatorientert
  • Initiativrik



Utdanningsretning

  • Bygg og anlegg
  • Utdanningstittel: Ingeniør

 

 

Vi tilbyr

  • Løn som prosjektleiar (kode 1113) etter lønsregulativet til staten
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ein utfordrande jobb i ei dynamisk verksemd
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar
  • Rimelege bustadlån i Statens Pensjonskasse

 

 

 Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=1935560241&company_id=230936&Link_source_id=&use_position_site_header=0


Vis flere stillinger: