Arbeid på undersida av Hardangerbrua

Medan trafikken rullar jamnt og trutt over Hardangerbrua pågår det arbeid på undersida av stålkassen denne hausten.

Det er overflatebehandling av ståloverflata på undersida av køyrebana i hovudspennet som er oppgåva til stålentreprenøren her. Arbeidet har pågått sidan september, etter at entreprenøren var ferdig med den oransje skråtoppen på stålkassen, som har fått eit nytt strok med måling.

Sidan har det pågått sandblåsing, metallisering og påføring av tre strok med måling langs heile undersida av stålkassen.

Arbeidet blir utført frå vedlikehaldsvogna på Hardangerbrua, som er produsert i Polen og kom på plass før opninga av prosjektet 17.august. Vogna heng på tvers under heile stålkassen, og blir no nytta som arbeidsstillas for mannskapa. For å halda temperaturen best mogleg er det blitt bygt veggar kring vogna.

Når det pågår arbeid skal ståloverflata halda minst 5 plussgrader. For å halde god nok temperatur utover hausten blir det tilført varme inne i stålkassen i den seksjonen der det til ei kvar tid pågår arbeid på utsida av kassen.

Entreprenøren tek i første omgang sikte på å halda fram med overflatebehandling av stålkassen ut november månad. Dersom det framleis står att arbeid vil dette i så fall bli teke opp att våren 2014.