På veg mot ny E16

Den nye vegen mellom Smedalsosen og Borlaug i Sogn og Fjordane er byrja å ta form. Etter ein sommar med relativt liten aktivitet på anlegget, er det no drift langs heile linja.

Ovanfor prosjektkontoret på Maristova held arbeidet med å sprenge ut fjellskjeringane fram. I den høgste skjeringa, der det rasa ut store mengder stein tidlegare i anleggsperioden vart den øvste delen av skjeringa sprengt vekk i fjor, og no er det starta opp att med boring og sprenging av nedste delen av skjeringa, melder vegvesen.no.

Ny teknologi
Frå Borlaugstunnelen til Maristova skal vegen gå i ny linje på lange strekningar. Her er arbeidet godt i gang.

Halve lengda av Borlaugstunnelen vart asfaltert i midten av oktober. Resten av tunnelen blir asfaltert i byrjinga av november. Det vil dermed vere klart til å starte elektroarbeid i tunnelen 2. desember.

Borlaugstunnelen blir den første tunnelen i Sogn og Fjordane med radiosignal for DAB-radio, i tillegg til signal for vanleg FM-radio. Tunnelen blir altså utstyrt med digitalt radioutstyr. Når det blir laga digitalt nett for naudetatane i området så vil dette straks bli i funksjon inne i tunnelen.

Ferdig hausten 2014
I Borlaugskrysset er den nye brua(link til støypesak) no teken i bruk, men framleis står det att mykje arbeid i dette området.

I krysset skal det kome ei ny rundkøyring, og denne er no asfaltert.

her skal det også byggjast ny brøytestasjon, og i tillegg skal det etablerast nytt kolonnefelt i retning Lærdal. Dette er først og fremst for trafikk som skal over rv.52 Hemsedalsfjellet. Kolonnefelt for E16 Filefjell skal byggast ovanfor Maristova.

Det er og planlagt noko asfaltering i Maristoveli før vinteren.

Opphavleg var planen at delprosjektet Smedalsosen-Borlaug skulle stå ferdig juli 2014. Slik det ser ut no vert det ikkje opning før hausten same år.