Har du lyst å jobbe med planbestilling og veg / trafikkplanlegging ?
I Statens vegvesen Region vest er det ledig ein fast stilling innan fagområda Planbestilling , veg/trafikkplanlegging og saksbehandling ved seksjon Plan og Forvaltning i Haugesund.
Plan- og forvaltningsseksjonen består i dag av 13 tilsette på kontorstad Haugesund. Seksjonen har ansvar for planlegging og saksbehandling i samsvar med veglov og plan- og bygningslov.
Seksjonen arbeidar tett mot kommunar og fylkeskommune og representerer eit samansett fagmiljø med store muligheiter for fagleg utvikling.
Statens vegvesen har stort fokus på planlegging for å sikre god og effektiv gjennomføring av prioriterte prosjekt på riks- og fylkesvegnettet.
Plan og forvaltningsseksjonen har bl.a. ansvar for å behandla arealplanar og byggesaker som vert fremma av andre.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsoppgåvene vil vere knytta til bestilling og styring av planleggingsprosjekt på riks- og fylkesvegnettet i Rogaland.
- Planbestiller er prosjekteigar sin representant ved gjennomføring av planleggingsprosjekt.
- Dette dreier seg om tiltak på veg-, gang- og sykkelnettet, samt miljø- og kollektivtiltak.
- Vegteknisk vurdering/saksbehandling av eksterne og interne areal- og vegplanar.
- Trafikkteknikk, trafikkanalyser, trafikkberekningar, kapasitetsberekningar og vegvalmodellar.
- Saksbehandling med heimel i Plan og bygningslov og Veglov
- Oppgåver innan Nasjonal Transportplan og Handlingsprogram.
- Ymse forvaltningsoppgåver.
Kvalifikasjonskrav
- Eksamen frå universitet eller høgskule (f.eks NTNU, UMB) innan areal- og vegplanlegging, med relevant linje og fagkombinasjon, minimum 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
- Erfaring frå nemnde arbeidsområde er ønskjeleg, men nyutdanna vil
- også bli vurdert.
- Ønskjeleg med god datakunnskap.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT (www.nokut.no)
Personlege eigenskapar som blir vektlagt:
- God kommunikasjonsevne.
- Gode evner til samarbeid.
- Evne til å arbeide sjølvstendig.
- Gode evner til å ta initiativ og vere kreativ
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Søknad
Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje vil vi varsla søkjar om dette.
Kontaktperson
Meir utfyllande informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakta seksjonsleiar Ivar Thorkildsen, tlf. 51911713 / mob. 97676661
Dersom du synest dette høyrest spanande ut, søkjer du stillinga via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr. 3-075-13 , innan 03.11.2013.