Eiganestunnelen ut på anbod

Fredag blir bygginga av Eiganestunnelen lyst ut. Entreprenøren som får jobben skal mellom anna bygge 3,7 kilometer tunnel med to løp under Stavanger.

Eiganestunnelen går frå Schancheholen/Våland kolonihage til Tasta. Prosjektet består av fem kilometer med ny firefeltsveg, der 3,7 kilometer er Eiganestunnelen, melder vegvesen.no.

Betre miljø
Anlegget blir bygd for å betre avviklinga av trafikken på E39, for å redusere talet på ulukker, avlaste dagens lokalvegar og betre miljøet.

Selskapet som får kontrakten har ein omfattande jobb føre seg. I tillegg til bygginga av sjølve Eiganestunnelen, får entreprenøren mellom anna også oppgåva med å bygge: Nærare ein kilometer av Hundvågtunnelen, bygging av eit omfattande system av av- og på-rampar og ein kilometer ny veg mellom Schancheholen og rundkøyringa i Madlaveien. I tillegg kjem fire nye rundkøyringar, ein 160 meter lang miljøkulvert og ein kilometer av Sykkelstamvegen.

– Vi ser fram til å gå i gang med også denne delen av prosjektet, og håpar på god konkurranse med mange tilbydarar, seier prosjektleiar for Ryfast og Eiganestunnelen, Gunnar Eiterjord.

Omfattande sikring
Fristen for å levere inn anbod går ut i andre halvdel av desember. Statens vegvesen reknar med byggestart i februar 2014.

Store mengder masser skal hentast ut og fraktast vekk. I tunnelen er det snakk om rundt 800.000 kubikkmeter. På anlegga i dagen rundt 200.000 kubikkmeter med fjell. Det meste av steinen skal nyttast til utfylling i Jåttåvågen, der det skal byggast bustader og folkebad.
Sikringa i Eiganestunnelen er svært omfattande, med injeksjon, boltar, sprøytebetong og betongelement.

Eiganestunnelen skal stå klar til opning i 2019.