Risa bygger på Bygnes

På måndag vart kontrakten om nytt kryss på Bygnes på Karmøy signert av Risa AS og Rogaland fylkeskommune. Om kort tid tar arbeidet til.

Det var kanskje tanken på haustferien som låg til grunn for smilet hjå Janne Johnsen. Ein strålande blid fylkesordførar tok i mot Statens vegvesen og Risa AS til kontraktmøte.

– Det er alltid kjekt å skrive under på kontraktar når vi veit at det betyr starten på bygging av ny veg. Eg gler meg allereie til å komme til Karmøy og opne det nye Bygneskrysset når det er ferdig, sa Johnsen.

Det var Anne Margrethe Skretting, regionleiar for Haugalandet, som signerte på vegne av Risa AS. – Vi set stor pris på å vere med på dette. Vi skal gjere vårt for at det nye krysset skal føye seg inn i rekka over flotte nye veganlegg som alle saman kan vere stolte av, sa ho.

Statens vegvesen sin prosjektleiar, Einar Færaas, er også glad for å vere i gang. – Vi reknar med byggestart rundt månadsskiftet, og ei byggetid på om lag eitt år, fortel han.

Kontrakten er på 37 millionar kroner, og prosjektet er del av Haugalandspakken.

Det trafikkerte T-krysset på fv. 47 på Karmøy skal byggast om til ei rundkjøring med fire armar, der fv, 47 møter fv. 511 (Avaldsnesvegen). Innkjøringa til industriområdet på vestsida av fv. 47 blir ny, og vi skal også bygge ei rundkjøring inne på industriområdet. To kulvertar ivaretar mjuke trafikantar og syter for planfri kryssing av fylkesvegane. Ny gang- og sykkelveg langs skal også på plass, saman med midtrabatt og veglys.