- Vegnettet på Askøy blir tryggare, og forholda blir betre for gåande, syklistar og kollektivtrafikk. Næringslivet får raskare og meir effektiv transport av varer og gods, seier samferdselsminister Marit Arnstad i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.
Meldinga kommer i samband med eit forslag om delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland.
Forslaget blei lagt fram i statsråd fredag.
Askøypakken omfattar ei rekkje prosjekt og tiltak for å heve vegstandarden i området:
Smale strekningar skal utvidast, svingar skal rettast ut, kryss skal utbetrast og trafikkfarlege avkjørsler vil bli stengde. På fleire strekningar vil det bli bygd fortau eller gang- og sykkelvegar.
Dei samla kostnadene for Askøypakken er rekna til om lag 1,5 milliardar kroner. I tråd med vedtak i Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune, skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av bompengar og midlar frå Hordaland fylkeskommune.