Fiks ferdig i Førresbotn

Tysdag opna det nye toplanskrysset på E134 gjennom Førresbotn, som er en del av Haugalandpakken.

Det var ein stolt avdelingsdirektør Astrid Eide i Vegavdeling Rogaland som sto for den formelle opninga, og det på heimebane, melder vegvesen.no.

- Endeleg! Det er kjempekjekt for meg som bur i Tysvær å kunne opne dette vegkrysset. Dette er eit langt steg på vegen for tryggare vegar i kommunen. Det er seks år sidan førre vegopning i Tysvær, men det blir ikkje like lenge til neste gong. Vi har fleire prosjekt på gang, og gler oss til å kome i gang med dei, sa Astrid Eide.

Ordførar i Tysvær, Harald Stakkestad, var også glad.

- Dette er som 17. mai og julaftan samstundes. I dag kan vi gratulere kvarandre! Alle som har køyrt gjennom bomstasjonane på Haugalandet dei siste åra har bidrege til dette. Det er eit fantastisk flott arbeid som er lagt ned, og eg meiner vi har fått mykje att for pengane. Eg blir nesten rørt av at så mange ville vere med på opninga og sjå kva bompengane blir til, sa Stakkestad, før han la til:

- Sjølv om det er vanskeleg å gjere alle til lags håpar og trur eg at vi i fellesskap skal klare å løyse usemja som rår om dei siste detaljane.

Han sikta til at ei gruppe naboar ynskjer seg betre merking av nokre gangfelt på nedsida av E134.

– Vi har fått nokre innspel som vi no ser nærare på. Eg er trygg på at vi skal kome fram til gode løysingar, seier prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen.

Prosjektet har kosta 83 millionar kroner, og er bompengefinansiert gjennom Haugalandspakken. Prosjektleiar Færaas tykte det var gildt å opne det nye krysset med tilhøyrande vegar.

- Eg var med på oppstarten av Haugalandspakken i 2008, og det er veldig kjekt no å vere med på ferdigstille det nye krysset. Prosjektet er etterlengta og har vore planlagd lenge, sa Færaas.

Han nytta også høvet til å skrøyte av samarbeidet med entreprenøren Vassbakk & Stol AS.

- HMS har vore viktig både for oss som byggherre og for entreprenøren. Spesielt utfordrande har det vore for dei som har jobba langs ein trafikkert veg med 19 000 passeringar i døgnet. Prosjektet er fullført utan skader med fråvær, og det er vi glade for, sa Færaas.

Det er bygd eit nytt kryss i to plan for å betre og sikre av- og påkøyring til E134. Særleg trafikantar i austgåande retning har fått mykje tryggare påkøyring. Hovudvegen er utvida, og det er satt opp 550 meter med midtdelar. To betongkulvertar er forlenga, og det er bygd om lag 1200 meter lokalvegar/rampar og 660 meter fortau og gang- og sykkelvegar. Anlegget har fått flotte murar av naturstein, støyskjerming og nytt veglys.