Må stenge for å sikre veg i Luster

Fylkesveg 331 på sørsida av Lustrafjorden held på å rase ut ved Sørheim. For å utføre sikringsarbeid må vegen stengast heilt i tre månader.

- Vi ville helst unngå å stenge vegen, men det går dessverre ikkje, seier prosjektleiar Bodil Oust i Statens vegvesen til vegvesen.no.

Vegvesenet såg i utgangspunktet føre seg ei løysing der trafikken kunne passere på ei midlertidig bru over anleggsområdet. Prosjektet vart lyst ut, og ein entreprenør leverte tilbod på jobben.

Etter at entreprenør hadde vore på synfaring vart det klart at dette ikkje let seg gjere.

- Av omsyn til tryggleiken for arbeiderane kunne ikkje entreprenøren løyse oppgåva på den måten som vi hadde tenkt. Einaste alternativ er difor å stenge vegen heilt, slik at muren som vegen kviler på kan byggast oppatt, fortel Oust.

Dette arbeidet kan ta opp til tre månadar. Med så store endringar i planane må prosjektet lysast ut på nytt, og etter planen vert det anleggsstart i løpet av vinteren.

For dei som skal til og frå bygdene på sørsida av Lustrafjorden blir einaste alternativ å ta ferja mellom Urnes og Solvorn.

- Vi er no i dialog med ferjeselskapet for å få på plass fleire avgangar, og ein beredskap på dette sambandet, seier Oust, og beklagar at dette kan gjere kvardagen komplisert for innbyggjarane på sørsida.

- Det var ikkje dette vi ynskte, men det er den einaste måten vi kan få utført dette heilt nødvendige sikringsarbeidet på ein trygg og forsvarlig måte.