Bu-Brimnes opnar 1. oktober

Riksveg 7 Bu–Brimnes i Hardanger er i mål som planlagt til 1. oktober.

Det blir ei enkel markering av nyanlegget, skriver Statens vegvesen i ei pressemelding.

Statens vegvesen tok i januar 2013 i bruk andre byggesteg, mellom Nautaflot og over Bugjelet. Ein var samstundes i gang med tredje og siste byggjesteg vidare vestover mot Hardangerbrua. Her er det no fullført 1,9 km med ny veg, inkludert gang- og sykkelveg.

Saman med entreprenøren vil Statens vegvesen difor markera fullføring av byggjesteg 2 og 3 på vegprosjektet Bu–Brimnes. Riksveg 7 vil ikkje bli stengt i samband med markeringa, som er tenkt utført på gang- og sykkelvegen. Det har som kjent vore nok av trafikkregulering mellom Brimnes og Bu dei siste fem åra, i samband med krevjande anleggsarbeid i bratt lende, tett på trafikken.

Sidan 17. august har ferjetrafikken Bruravik–Brimnes vore avløyst av trafikk over Hardangerbrua. Brutrafikken på riksveg 7 har vore hindra noko av veganlegget, men no er det snart slutt på dette.

Siste tida har det vore lagt asfalt på nyanlegget. Med vegmerking på plass er det berre veglysa som står att. Denne jobben skal utførast ev elektroentreprenøren på Hardangerbrua, som tek siste runde av elektromontasjen i Hardanger seinare i haust.