36 arbeidarar støypte ferdig betongbru på 36 timer

I førre veke støypte 36 arbeidarar frå underentreprenøren Lemminkâinen samanhengande i vel 36 timar, og blei ferdig med betongbrua ved Liavatnet som blir ein del del av det nye vegsystemet når Ringveg Vest i Bergen opnar i 2015.

Brua skal koplast mot Knappetunnelen og syte for at trafikken i området vil gli effektivt frå 2015.

Norges største
-Til arbeidet har det gått med 1.540 kubikk med betong, det vil seie omlag 220 lastebil-lass, seier byggjeleiar Steinar Lønningen. Brua har fått ein lengde på 70 meter og 18 meter i breidde, melder vegvesen.no.

- Såleis er dette Norges største platebru, som er ein bru av kompakt støyp og berre betong. Platebrua er lik brua som ramla saman i Trondheim for ein tid tilbake, men er meir en dobbel så stor, seier Lønningen.

Prosjektgruppa på Ringveg Vest har heile vegen hatt eit krav til entreprenøren at trafikken ikkje skulle gå under brua medan den ble bygt. Den store trafikkmengda har gått rundt anleggsområdet i perioden.

Trafikk under brua til november
No held dei på med å støype kantar som rekkverket på brua skal monterast på. Neste veke skal brua spennast opp slik at den skal tåle vekta frå trafikken som skal køyre her frå 2015. Veka etterpå skal dei til med å fjerna all forskaling.

- Dette er eit omfattande arbeid og vil ta vel ein månad. Når dette er gjort skal vi bygge vegen vidare ut frå brua og kople den mot Knappetunnelen. Innan 1. november skal all trafikken leggast tilbake og under brua, seier Lønningen.

Han legg til at arbeidet på brua har vore godt planlagt med tredjemannskontroll på planane.

- Gjennomføringa har gått heilt etter planane og utført veldig effektivt og med svært god kvalitet, seier han.