Helikopterløft på Hardangerbrua

Med hjelp av eit helikopter av klasse Super Puma er den siste byggjekrana på brutårna til Hardangerbrua no blitt fjerna.

Krana frå toppen av brutårnet i Vallavik blei demontert ei veke før opninga av Hardangerbrua, 17. august. Torsdag 5. september var det tid for runde nr. 2, fjerning av byggjekrana frå toppen av brutårnet på Bu. Mannskapa som festa løftetaua oppe i krana hadde ein luftig jobb. Helikopterførar og mannskap hadde godt lagarbeid. Maskina har ein løftekapasitet på 4 tonn, tilhøyrer Airlift og er til dagleg stasjonert i Førde.

Stengte tunnelane
Hardangerbrua måtte stengast for trafikk medan løfta pågjekk. Også trafikken langs fjorden gjennom Butunnelen og Vallaviktunnelen måtte stoggast, for å unngå problemer med trafikkavviklinga gjennom dei to tunnelane. Arbeidet skjedde med tilsaman 13 løft, og pågjekk i ein time og 25 minutt. Etter drøye timen blei ventande trafikk sleppt gjennom tunnelane og over Hardangerbrua. Ventetida blei kortare på køen i andre løfterunden.

Slutt på bru-stenging
Med dette er stålentreprenøren ferdig med sine stengingar for trafikk under sluttarbeidet med Hardangerbrua. Det står att mellom anna montering av «vindpølse» ute i hovudspennet på brua. Men planen er å gjennomføra dette med noko innsnevring av eine køyrebana og med nedsett fartsgrense forbi byggjeplassen ute på brua.