Berre ein ville gjere jobb i E134 Svandalsflonatunnelen

Bere ein tilbydar ville utføre arbeidet i E134 Svandalsflonatunnelen på Haukeli, og arbeidet er utsett. Grunna det berre var ein tilbydar i konkurransen vart den avlyst.

- Me må sjå på tiltaka på nytt med tanke på gjera konkurransen meir attraktiv. Eit av tiltaka kan vera å dele arbeidet opp i mindre anbod innan kvart fagfelt, eksempelvis elektro, fjell- og frostsikring og grøftearbeid, seier byggjeleiar Olav Svendsen.

Omfattande arbeid
Dei opphavlege planane for utbetringsarbeidet i Svandalsflonatunnelen gjekk mellom anna ut på fjellsikring, vass- og frostsikring, grøftearbeid og elektroarbeid. All noverande vass-sikring i tunnelen skulle takast ned og byttast ut, melder vegvesen.no.

- Tunnelen er i dag skilta 4,20 meter høg. Skulle ein sikre veggane med plater vart tunnelen for lav, løysinga ville difor vere å utvide deler av tunnelprofilet. Dette må gjerast med sprenging (strossing), forklarer byggjeleiaren.

Det vart også lagt opp til eit omfattande grøftearbeid i tunnelen. Alle drensgrøfter skulle takast igjen samtidig som det vart lagt ned nye kablar for Telenor, Odda Energi og eigne kablar.

Ferdig med første del
Førebuingane til anleggsstart i tunnelen vart sett ut i eit eige anbod og dette arbeidet er ferdig.

- Gamlevegen som går på utsida av tunnelen skal nyttast som omkøyringsveg ved arbeid i tunnelen. Her er det gjort forsterkingsarbeid med utbetring av grøfter og nytt asfaltdekke, fortel Svendsen.

Det første anbodet omfatta også sprenging av snunisje for brøytebil og nisje for teknisk rom inne i tunnelen.

Prosjektet er no i gang med å utarbeide nytt anbodsgrunnlag. Etter planen skal det lysast ut ny konkurranse i løpet av våren 2014.