T-forbindelsen opnar torsdag 5. september

Fire år og ein dag etter at første spadestikk vart tatt, er T-forbindelsen klar til opning. Markeringa skjer på Håvik, same stad som gravearbeidet starta.

- Klokka 11:30 torsdag 5. september opnar fylkesordførar Janne Johnsen T-forbindelsen. Vi har sett fram til denne dagen lenge, fortel prosjektleiar Rune Sandven til vegvesen.no.

Når T-forbindelsen opnar, blir ikkje berre Karmøy, Tysvær og Haugesund knytta betre saman. Karmsund bru blir avlasta ved at Karmøy får ein ekstra tilkomstveg. For dei som bur sør for Håvik på Karmøy, og som skal til Kårstø eller Stavanger, blir vegen 23 kilometer kortare. Mellom Stavanger og Haugesund blir vegen 5 kilometer kortare.

- Dette blir ein merkedag for fylket vårt. Vegsambandet knytter Rogaland tettare saman og vil betre trafikkflyten på Haugalandet, seier ein stolt og glad fylkesordførar Janne Johnsen.