NTNU tilset dekanar

På styremøte 30. august tilsette NTNU sju dekanar på åremål. For første gang er dekanane tilsett - og ikkje valt. I tillegg har dekanane meir makt enn forgjengarane sine, på grunn av ei omleggjing av styringsstrukturen ved NTNU.

Før har dekanane vore faglege leiarar ved fakultetet, medan fakultetsdirektørane har stått for den administrative styringa. Etter omleggjinga sit dekanane med begge desse oppgåvene. Dekanane tiltrer formelt den 1. oktober. Dei nye dekanane er: Det historisk-filosofiske fakultet: Professor Kathrine Skretting Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse: Førsteamanuensis Jan Morten Dyrstad Fakultet for arkitektur og billedkunst: Professor Tore I. Haugen Det medisinske fakultet: Professor Stig Slørdahl Fakultet for naturvitenskap og teknologi: Professor Bjørn Hafskjold Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi: Professor Ingvald Strømmen. Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk: Professor Arne Sølvberg