Støtte til skipstunnelen

Ordførar i Vanylven Jan Helgøy jublar over at eit stort fleirtal av stortingskandidatane frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane ynskjer å bygge Stad skipstunnel i løpet av neste stortingsperiode, melder NRK.

Det er Sunnmørsposten som har gjort ei rundspørring blant Stortingskandidatne i dei to fylka. Berre SV er skeptisk til å realiserer planane. Helgøy meiner at tunellen no heilt sikkert kjem til å bli bygd i løpet av dei fire neste åra.