Må innføre nattestenging på Hardangerbrua

Med bakgrunn i gjenståande arbeid i tårntoppen på Bu, blir rv. 13 Hardangerbrua dels stengt for trafikk om nettene frå og med tysdag 27. august kl. 23.00 til fredag 6. september kl. 06.00.

Årsaka til stenginga er attståande arbeid i tårntoppen på Bu. Her skal byggjekrana brukast til demontering av installasjonar frå byggjeperioden, og deretter løfting og montasje av nye og faste installasjonar på toppen av brutårnet. Tilsvarande arbeid blei avslutta på tårnet i Vallavik før opninga av Hardangerbrua 17. august. Det kan ikkje vera trafikk på Hardangerbrua når ein arbeider med løft og montasje i brutårnet.

Stengingspunktet for trafikken frå Vallavik blir kring 50 meter før tårnet på Bu. Stengingspunktet for trafikken frå Bu blir mellom rundkøyringa i Butunnelen og tunnelmunninga mot Hardangerbrua.

Når byggjekrana på Bu-tårnet har gjort jobben ferdig, skal krana fjernast. Dette skjer med bruk av helikopter, og fjerning av krana skjer stykkevis og delt i løpet av 1-2 timar. Arbeidet må skje i dagslys og Hardangerbrua blir stengt for trafikk når operasjonane pågår.

Vegstengingane om natta skal ikkje pågå meir enn ein time om gongen, og ein vil så langt som råd ta omsyn til ventande trafikk på båe sider av fjorden.

Tungtrafikken kan for tida passera med natt-kolonne på E16 gjennom Gudvangatunnelen. Statens vegvesen har difor venta med sluttarbeidet i brutårn og nattestenginga på rv. 13 Hardangerbrua til denne løysinga på E16 vart sett i verk, 23. august.