To løyve til småkraftverk i Hemnes kommune

NVE gjev løyve til å bygge Bjuråga kraftverk og Bryggfjelldal kraftverk. Begge tiltaka ligg i Hemnes kommune i Nordland. Kraftverka vil få ein årleg produksjon på omlag 19 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 950 husstandar, skriv NTB info i ei pressemelding.

I vedtaka har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Bjuråga kraftverk og Bryggfjelldal kraftverk vil vere bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Fjellkraft AS står bak søknaden for Bjuråga kraftverk. Dei viktigaste problemstillingane er slik NVE ser det, omsynet til grottesystemet, friluftslivsinteresser, reindrift, spesialiserte artar i fosserøyksona og gamal barskog. Søkjar har imøtekome mange av problemstillingane som vart fremja i høyringsrunda, til dømes er kraftverksplasseringa flytta ovafor grottesystemet. Med desse justeringane, saman med ei auke i minstevassføring vurderer NVE at tiltaket kan aksepterast. NVE meiner vidare at ulempene ved inngrepa i samband med overføring av ein namnlaus bekk er større enn den auka produksjonen overføringa gir. Denne delen av søknaden er difor avslått.

Bryggefjelldal Kraft AS har søkt om løyve til å bygge Bryggfjelldal kraftverk. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei heilårleg minstevassføring i elva av omsyn til artar som er avhengig av fuktig miljø generelt og til geologiske prosessar i samband med karstforekomstar (ein bergart der det mellom anna kan danne seg grotter). Ut frå NVE sitt syn utgjer terrenginngrepa i samband med røyrgatetraseen dei viktigaste negative konsekvensane. Området er ikkje synleg i eit større landskapsrom, og slik NVE ser det vil inngrepa kun få lokale verknader og dermed ei akseptabel utbygging.

NVE vurderer at dei samla negative verknadane av utbyggingane kan aksepterast, sett i forhold til nytten av forventa kraftproduksjon i Bjuråga og Bryggfjelldal kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Bjuråga og Bryggfjelldal kraftverk på nærare fastsette vilkår.