Nordisk nettoimport og høgare spotprisar i veke 33

Det nordiske kraftforbruket auka meir enn produksjonen frå veke 32 til 33. Det førde til at Norden var netto kraftimportør i veke 33. Noreg og Sverige eksporterer mindre enn i førre veke, mens Danmark og Finland framleis importerer.

Elspotprisane auka frå veke 32 til veke 33, men auken var minst i Noreg. Mens Noreg i veke 32 hadde om lag same gjennomsnittspris som Sverige og Sjælland, var dei norske prisane i veke 33 i gjennomsnitt nær 1 øre/kWh lågare enn prisen i Sverige og på Sjælland. Hovudårsaka er at dei svenske prisane på dagtid tysdag og onsdag var monaleg høgare enn dei norske prisane, noko som har samanheng med redusert overføringskapasitet frå Sør-Noreg til Sverige. Vassmagasina sin fyllingsgrad endra seg ikkje frå veke 32 til veke 33, verken i Noreg eller Sverige. Fyllinga i Noreg er no 12,9 prosentpoeng høgare enn på same tid i fjor, mens Sverige ligg 12,5 prosentpoeng over fjoråret.