Laurdag opnar Hardangerbrua

Statens vegvesen reknar med å kunne opna rv. 13 Hardangerbrua for vanleg trafikk seinast kl. 15.00 laurdag 17. august.

Ferjeruta Bruravik–Brimnes har siste avgang frå båe plassar kl. 14.50. Om lag samstundes vil det altså vera fri ferdsel over den lengste hengebrua i Noreg, melder vegvesen.no.

Ta gratis buss!
Statens vegvesen og kommunane Eidfjord, Ulvik, Granvin og Ullensvang oppmodar alle som vil delta på opninga om å nytta seg av gratisbussane frå Granvin, Ulvik, Kinsarvik og Eidfjord. Det er sett opp bussar frå dei fire tettstadane frå kl. 09.30 til 11.00 og med retur til alle dei fire plassane etter offisiell opning. Bussane frå Granvin og Ulvik går til Vallavik, medan bussane frå Kinsarvik og Eidfjord går til Bu, med retur etter same ruta. Gangvegen over Hardangerbrua er open frå kl. 09.00.

Tilsaman 58 bussar skal ta unna transporten av publikum til og frå Vallavik første delen av dagen. Eit stort tal med bussar stiller og opp for transport til og frå folkefesten i Eidfjord ettermiddag og kveld.

God parkering til buss
Det er gode tilhøve for parkering på dei fire plassane. I Granvin tek ein i bruk den nye bussterminalen i sentrum. Parkering blir det ved det gamle stasjonsområdet på Eide og ved Granvin bruk, i tillegg til plassar ved skule og rådhus. Ulvik har og parkering ved rådhuset og Almenningen ved kyrkja. I reserve har ein skuleplassen. Bussen går frå fv. 572 ved elva i sentrum.

Eidfjord viser til grusbana ved idrettshallen og Kjærøyna og buss frå sentrum. Kinsarvik har parkering ved rådhuset, kyrkja og den delen av ferjekaia som ikkje er oppstillingsplass for ferjetrafikken. Reserve er parkeringa ved Mikkelsplassen, med atterhald om pågangen til ferieparken denne laurdagen. Bussane går frå rv. 13 ved ferjekaien.

Omkøyringsveg
Det er venta stor trafikk gjennom Vallaviktunnelen og over Hardangerbrua på opningsdagen. Trafikken har som kjent auka etter at E16 Gudvangatunnelen blei stengt. Sjølv om Statens vegvesen har rådd gjennomgangstrafikantane til å velja Folgefonntunnelen og E134 Haukeli mellom kl. 09.00 og 15.00 under bruopninga laurdag 27. august, må trafikantane til og frå opningsarrangementet vera budde på venting og kø til og frå bruopninga.

Ferje-markering
Elles har Fjord1 planar om ein aller siste ferjetur frå Bruravik kl. 16.00 – berre for passasjerar, med ei markering av at ferjesambandet blir avvikla denne ettermiddagen. Turen tek ein time, og alle er velkomne til å bli med, melder reiarlaget.