Nytt laboratorium opner i Ålesund

Høgskolen i Ålesund har fått eit nytt laboratoriebygg. Onsdag opner det 95,2 millionar kroner dyre bygget.

Onsdag 14. august opner Kunnskapsdepartementet det nye laboratoriebygget ved Høgskolen i Ålesund, skriv Statsbygg i ei pressemelding.

Spesialrådgivar Erling W. Wist frå Kunnskapsdepartementet, rektor Marianne Synnes, dekan Geirmund Oltedal og dekan Hans Petter Hildre deltek og i arrangementet.

Det nye laboratoriebygget utgjer 3.728 av det totale arealet på 24.500 kvadratmeter ved høgskulen. Byggjestart var februar 2012, og bygget har kosta 95,2 millionar kroner.

Prosjektet har hatt stort fokus på effektive og økonomiske løysningar, og på gjenbruk der det er mogleg. Likevel er nær alt av teknisk anlegg skifta ut. Bygget framstår i dag som ein integrert del av campus, klar til å møte dei krava som blir stilt til undervisningsmiljø i dag. Bygget inneheld blant anna laboratorium for bygg-, maskin-, marin- og elektrofag, undervisningsrom, lager, kontor for undervisningsstaben, samt gymsal med garderobar.

Byggjeprosjektet er gjennomført som ein totalentreprise med HENT AS som totalentreprenør. Hammerø og Storvik Prosjekt AS har utført byggjeledelsen lokalt for Statsbygg.