Framleis målarjobb på Hardangerbrua

Ei veke før opninga - laurdag 17. august - er det stor aktivitet med måling på Hardangerbrua. Men alle dei 130 hengestengene er ferdig målte i kvitt.

Samstundes blir det jobba med demontering av installasjonar i toppen av dei to brutårna, og montering av faste plattformar som skal stå her i framtida. Når arbeidet er ferdig i tårna blir dei to byggjekranene demonterte bit for bit og løfta vekk med eit kraftig heilikopter. Planen er at byggjekrana frå tårnet i Vallavik skal fjernast i veke 33. Tilsvarande oppgåve på Bu-tårnet vil nok først kunne skje etter at Hardangerbrua er opna for trafikk, melder vegvesen.no.

Når helikopteret arbeider med denne operasjonen kan det ikkje vera trafikk under tårnet. I kor stor grad Hardangerbrua blir stengt under denne operasjonen på Bu, veit ein meir om når første demontering er gjennomført i Vallavik.

Sluttarbeid med måling av stålkassen vil halda fram utover hausten 2013. Det skal leggast nytt lag med oransje maling på den såkalla skråtoppen, heile sida av stålkassen, som vender ut mot fjorden og er godt synleg frå land. Dette vil skje utan nemnande hindringar for trafikken over brua. Det blir aktuelt å avgrensa arbeidsområdet med markering i køyrebana nærast rekkverket der arbeidet pågår. Det blir også nedsett fartsgrense for trafikken forbi arbeidsområdet ute på Hardangerbrua når arbeidet pågår.