Nye lys i tre tunnelar på E39 i Lindås og Masfjord

No skal Eikefetunnelen, Trodaltunnelen og Sandviktunnelen få nye moderne lysarmaturar som vil gi mykje betre lys for trafikantane. Arbeidet startet onsdag i Trodaltunnelen.

Arbeidet med å skifte ut det gamle lysanlegget, vil gå føre seg frå 06. august til 22.november 2013. Arbeidet vil skje på natta mellom kl. 2200 og kl. 0530 frå sundag kveld til laurdag morgon i heile perioden.

Det vil bli kolonnekøyring om natta til faste tidspunkt som er tilpassa ferjeavgangane mellom Lavik-Oppedal. Blir det mykje lokal trafikk vil denne bli leia gjennom tunnelen utanom dei faste tidspunkta. Uttrykningskøyretøy vil bli prioritert, melder vegvesen.no.

Det er Mesta som utførar arbeidet, og entreprenøren vil starte arbeidet i Trodaltunnelen og fortsetje med Sandviktunnelen i midten av august. I midten av september står Eikefetunnelen for tur. Frå midten av august og til midten av september, vil det vere arbeid i to tunneler. I oktober vil det være arbeid i alle dei tre tunnelane.

Arbeidet vil koste kr. ca. 21 mill.kr