No startar arbeidet med E134 i Skjold

I desse dagar tar arbeidet til med ny E134 mellom Skjoldavik og Solheim, som er ein del av Haugalandpakken.

Arbeidet startar med at entreprenøren skal gjere klart for å bygge vegen. Dei ryddar veglinja, eller traseen, slik at alt er klart til å bygge veg, tunnelar og bruer. Anleggsmaskinane vert raskt synlege langs heile strekninga.

I midten av august vil dei også byrje med dei første sprengingane, melder vegvesen.no.