- Før krafta fram i tunnel!

Her kjem det mest originale forslaget så langt for å hindre at Hardanger-naturen blir skjemt av ei stor kraftline: Før krafta fram i tunnel!, skriv bt.no

Næringsutviklar i Kvam, Jan Tjosås, er ikkje snau når han i dag presenterer ein ny «alt-i-eitt»-pakke i Bergens Tidende. - Dette er løysinga på alle problem i Hardanger, reklamerer Tjosås. Fire nye tunnelar skal ikkje berre løyse problema med dårleg vegstandard i Kvam herad, men også føre fram kablar med kraft til bergensområdet. - Den planlagde kraftlina Sima-Samnanger er eit heilt uakseptabelt inngrep i fjordlandskapet. Dersom store delar av krafttraseen blir lagt i tunnel, sparar vi Hardanger-naturen, seier Tjosås.