Ny lov for byggjetevlingar

Danskane får frå 1. september i år ei ny tilbodslov som gjeld ymse høve ved tevlingar om offentlege oppdrag i bygg og anlegg. Den lova som gjeld no, er frå 2001. Nokre av endringane kan det vere nyttig å kjenne til, skriv Lysningsbladet.

Den noverande lova opnar for at ein byggherre kan hente inn tilbod på oppdrag til ein verdi på 2 millionar danske kroner eller mindre i staden for å gjennomføre ei tilbodstevling. Treskelen i den nye lova er lyft til 3 millionar danske kroner. Som tidlegare kan byggherren be om tilbod frå minst fire leverandørar, men frå no av skal då det fjerde tilbodet hentast inn frå ei verksemd som ligg utanfor det naturlege lokalområdet. Dei andre tilbydarane skal informerast om at byggherren tenkjer på å hente inn eit fjerde bod. Det kjem òg endringar i prosedyren for tevling med tingingar. Medan det tidlegare var slik at ein byggherre måtte tinge med alle som kom med eit eigna tilbod, vert det no slik at ein ikkje treng tinge med meir enn tre av dei. Endringa kjem for å auke tevlinga og redusere ressursbruken hos byggherre og tilbydarar. Dei som det ikkje skal tingast med, vert straks frigjorde utan vedståingsfrist. Samstundes vert det innført ei plikt for oppdragsgjevarane til å gje ei grunngjeving for vala dei gjer når dei plukkar ut eller vrakar tilbydarar. Dersom det er ei tevling der det økonomisk beste bodet for oppdragsgjevaren skal vere utvalskriteriet, skal oppdragsgjevaren frå 1. september i år ikkje berre prioritere underkriteria, men òg fastsetje korleis dei skal vektast. Føremålet med endringane er å styrkje rettstryggleiken, gjere prosessen meir gjennomskinleg og samstundes spare ressursar utan at kravet til å skape effektive tevlingar i marknaden vert svekt.