Arbeid i kun ein tunnel om gongen i Rennfast

Det blir endringar i arbeidet med å oppgradere sikkerheitsutstyret i Rennfast dei neste tre vekene. I veke 29, 30 og 31 skal det kun arbeidast i ein tunnel om gongen.

– Det blir hovudsakleg arbeid i Byfjordtunnelen i desse tre vekene. Det betyr at det blir kolonnekøyring kun i den tunnelen kor arbeidet føregår, og fri ferdsel gjennom den andre tunnelen i desse vekene, fortel prosjektleiar Njål Hanasand i Statens vegvesen.

Entreprenøren varslar at på grunn av arbeidets gang kan det bli flytta til Mastrafjordtunnelen. Då vil det i så fall bli fri ferdsel gjennom Byfjordtunnelen.

Mesta skal montera elektroutstyr i denne perioden. Dei arbeidar mykje med liftar midt i tunnelen, og det er difor svært viktig at bilane held seg i kolonnen og ikkje køyrer forbi.