Nye nettsider om sosial dumping

Frå 1. juli 2013 fører Arbeidstilsynet tilsyn med korleis offentlege oppdragsgjevarar etterlev forskrift om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontrakter.

Difi lanserer no eigne nettsider til hjelp for offentlege oppdragsgjevarar for å hindre sosial dumping.

På dei nye sidene finn du informasjon om sosial dumping og forskrift om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar, rettleiing om korleis stille og følgje opp krav, svar på ofte stilte spørsmål om forskrifta og ulike eksempel frå offentlege verksemder.

Hausten 2013 vil sidene verte utvida med fleire eksempel, verkty og bransjespesifikk informasjon.

Her finn du dei nye sidene