Stjal dyrt GPS-utstyr på Filefjell

Entreprenøren på Filefjell-prosjektet fekk seg ei lite hyggeleg overrasking for eit par veker sidan. Då dei kom att etter helgefri var tre gravemaskiner ribba for dyrt GPS-utstyr.

- Tjuvane var veldig målretta og stal berre ein type GPS-utstyr. Andre gravemaskiner med anna eller eldre utstyr fikk stå i fred, fortel byggjeleiar i Vegvesenet, Sveinung Brude.

Entreprenørane har tidlegare opplevd tjuveri av drivstoff frå maskinene sine, melder vegvesen.no.

Tjuveriet har ikkje noko konsekvens for framdrifta for heile anlegget. Det er mest eit økonomisk tap for dei som eig maskinene, seier Brude.

- Slike hendingar får alltid økonomiske konsekvensar for eigarane, sjølv om dei har forsikring så er det eigenandel og det går arbeid og tid til å montere nytt utstyr.

I veke 29 og 30 blir det ferie og full stopp på anlegget. Fram til då vil det vere sprenging av fjellskjeringar, bygging av vegfylling og utviding av eksisterande veg frå Borlaugstunnelen og oppover.