Ein etterlengta tunnel

Den er ikkje blant dei lengste eller breiaste, men for innbyggjarane i Laukeland i Sogn og Fjordane er Skoranetunnelen blant dei viktigaste.

Fv.391 Skoranetunnelen

560 meter lang700 meter veg i dagen
Vegbreidde 3 meter+0,5 skulder på kvar side
Kostnad: 50 millionar kroner
Hovudentreprenør AS Birkeland Entreprenørforretning.
Underentreprenør Otto Ulset AS, Mesta Elektro AS og Veidekke.

Tunnelen som vart opna fredag erstattar vegen som forsvann i 2010, og fjernar også ei rasfarleg og frykta vegstrekning.

Forbi Bygstad og til endes av fylkesveg 391 ligg bygda Laukeland, ei perle på nordsida av Dalsfjorden, melder vegvesen.no.

Strekninga forbi fjellpartiet Skorane hadde lenge vore frykta av innbyggjarane på grunn av stein og is som rasa ned i vegen, men i november 2010 tok det ein uventa vri. Då rasa 25 meter av vegen ut i fjorden, og innbyggjarane vart avhengig av båt dei neste fire månadane før ein interimsveg, ein midlertidig veg kom på plass.

Fleire løysingar vart vurdert, mellom anna ei baileybru, men dette viste seg å vere ei vanskeleg og særs kostnadskrevjande løysing. Eit samla fylkesting vedtok i desember same år at det skulle byggjast tunnel gjennom fjellpartiet Skorane.

I november 2012 var det gjennomslag i Skoranetunnelen, og 5.juli var det klart for offisiell opning.

Det skulle vere ei lita markering, men mange møtte fram, på tross av nokre skikkelege regnbyer. Dei kom ikkje berre frå bygda som no får ny veg, men også frå resten av kommunen.

Opningsmarkeringa fann stad på austsida av tunnelen, og frå scena var det helsingar og musikalske innslag.

Hildur Laukeland snakka på vegner av innbyggjarane i Laukeland. Ho fortalde om korleis dei opplevde det å bli sett 50 år tilbake i tid då vegen forsvann, om månadane i båt og om gleda over å no få ein betre veg.

I ein tunnel med relativt liten trafikk, kan ein prøve ut alternative løysingar. Det er installert dimming på nattlysa som gjer at dei skrur seg av tre minutt etter at siste bil har passert.