Det skal ikkje vere naudsynt med kommunal saksbehandling av garasjar og mindre tilbygg som er i samsvar med plan og regelverket elles. Slike saker skal kun registrerast i kommunen, og tiltaket kan setjast i verk etter tre veker. Merknader frå grannar skal ikkje ha innverknad på sakshandsamingstida i byggjesaker. Ved tydeleggjering av grannar sin posisjon og avgrensing av klageretten skal grunnlaget for omkampar i sakshandsamingsprosessane bli mindre. Forenklingsgrepa skal samla gje meir likebehandling og føreseielege prosessar.
Framlegga inneber større tillit til at den einskilde tar ansvar for avklaring av at bygjetiltaket er i samsvar med regelverket.
– Me vil gjere det enklare og raskare , og gje større ansvar til den einskilde utbyggjar. Dette vil òg gje færre omkampar i planprosessar som fører til frustrerande forsinkingar, seier Navarsete.
Høyringsnotatet inneheld òg forslag om oppheving av dei obligatoriske godkjenningsordningane for føretak som skal ha ansvarsrett i byggjesaker. Hovudsystemet i lova elles for ansvar og kontroll blir ikkje endra.
Her finner du høringsdokumentene - forenklingar i plan- og bygningslova (byggesaksdelen)
- Nøkkelord
- Bygg