NAL får 2 millionar kroner til Framtidens bygder

Norske arkitektars landsforbund (NAL) får 2 millionar kroner til styrking og vidareføring av prosjektet Framtidens bygder.

- I år har vi motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av utfordringar knytt til integrering og tilflytting. uttalar Kommunal- og regionaldepartementet i ei pressemelding torsdag.

Samla har dei sett av 55 millionar kroner til bulyst i år. Eitt av prosjekta som no får 2 millionar kroner i støtte er Framtidens bygder, eit  stadutviklingsprosjekt i regi av Norske arkitektars landsforbund.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet lagt særleg vekt på kvalitet, forankring og samarbeid. Fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknadar. Distriktssenteret spelar ei sentral rolle i formidling og synleggjering av prosjekta.

- Bulyst er inne i sitt fjerde og siste år. Dei tre første åra har 98 ulike prosjekt fått om lag 124 millionar kroner. Eg er stolt over det me har oppnådd gjennom desse spennande utviklingsprosjekta, seier statsråden. Det har skapt både inspirasjon og entusiasme i lokalmiljøa. Gjennom bulyst har vi fått fram ei rekkje varierte og interessante prosjekt i heile landet. Eg vonar at prosjektet gir gode resultat i kommunar og lokalsamfunn.

Vi har forsking som syner at korleis staden blir utforma, har vorte viktigare for folk når dei skal vurdere om ein stad er attraktiv og aktuell som tilflyttingsstad. I kva grad ein kan byggje og bu miljøvenleg er eit viktig aspekt for mange i etableringsfasen. Prosjektet Framtidens bygder skal bidra til metodar for å auke kunnskapen om klimavenleg stadutvikling.

Gjennom det tilskotet som no blir gjeve er det mogleg å få med fleire kommunar som ynskjer å arbeide med berekraftig stadutvikling i Distrikts-Noreg, samstundes som innsatsen i dei 7 kommunane som allereie er med kan vidareførast.

Kommunane Flakstad, Vefsn, Norddal, Granvin, Iveland, Lunner og Rakkestad har allereie oppnådd gode resultat, og er einige om at det er verdt å satse vidare på arbeidet med miljøvenleg stadutvikling.

Det er difor positivt at vi no kan vere med og styrke eit prosjekt som allereie har etablert eit godt samarbeid mellom norske distriktskommunar og aktørar som er i bresjen når det gjeld berekraftig stadutvikling. Gjennom Framtidens bygder har kommunane fått bistand i direkte plan- og prosjekteringsarbeid og gjennom kurs og seminar.

Dette blir eit nasjonalt prosjekt som vi trur vil ha interesse for mange kommunar i Noreg. Eg har stor tru på at dette vil vere eit svært attraktivt prosjekt for mange kommunar å vere med på, avsluttar statsråden.