Løyve til fem småkraftverk i Nordreisa og Kåfjord

NVE har hatt elleve søknadar til handsaming om bygging av småkraftverk i kommunane Nordreisa og Kåfjord i Troms. NVE gjev løyve til fem av kraftverka og avslag til seks.

NVE har gjeve konsesjon til Nedre Tverrelva og Kristianelva kraftverk i Nordreisa kommune, og til Trollvikelva, Nomedal og Badjananjohka kraftverk i Kåfjord kommune. Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av kraftverk i Rotsundelva, Iselva og Øvre Tverrelva i Nordreisa kommune, og Sogeselva, Melen og Hanskejohka kraftverk i Kåfjord kommune.

Ifølgje ei pressemelding frå NVE vil dei fem kraftverka som har fått løyve, etter dei vilkåra som er sett, produsere omlag 40 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2000 husstandar. Produksjonen for dei kraftverka som er avslått ville totalt blitt på omlag 34 GWh.

Dei elleve søknadane har vorte handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av konsekvensar, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng. Omsynet til reindrift, biologisk mangfald, landskap og friluftsliv har vist seg å vere avgjerande for kva saker som har fått løyve og kva saker som har fått avslag i denne omgangen.

Sametinget og Områdestyret i Vest-Finnmark v/Reindriftsforvaltninga har til saman fremja motsegn mot åtte av prosjekta. NVE har til dels vore einig i deira vurderingar, men har i tre saker vurdert at kraftverket likevel bør få konsesjon.

Dette gjeld kraftverka Badjananjohka, Nomedal og Trollvikelva kraftverk i Kåfjord kommune. NVE meiner at kortare røyrgate og fråført elvestrekning saman med krav til teknisk utforming av anlegg vil redusere konfliktane med reindrift og kulturminner i desse prosjekta.

I handsaminga av søknadane har NVE teke særleg omsyn til reindrifta, verdfullt biologisk mangfald og urøyrd landskap. NVE har lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med ålmenne interesser og som samstundes vil bidra til ein fornybar energiproduksjon. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konflikten med dei ålmenne interessene.