AF byggjer andre del av Solbakktunnelen

AF-gruppen hadde det lågaste tilbodet med 1,168 milliardar kroner.
Fire entreprenørar leverte tilbod. Høgaste tilbod var 1,531 milliardar kroner.

– AF-gruppen er innstilt, men vi må ta atterhald om 10 dagars klagefrist, før vi eventuelt kan skrive kontrakt, poengterer prosjektleiar Gunnar Eiterjord.

Entreprenøren skal bygge andre halvdelen av tunnelen, frå Hundvåg nord til Hidle. Bygginga skal vere i gang tidleg i haust. Som kjent skal Solbakktunnelen ha to løp, så totalt er det tale om rundt 14 kilometer med tunnel.

Marti Contractors Ltd. bygger første del, frå Solbakk. Skilnaden mellom dei to kontraktane er at det i andre del er ei 100 meter lang bru, ei rundkøyring med undergang, lekterkai og lektertransport av masser til fleire massedeponi, i tillegg til alt tunnelarbeidet. Kontrakten er den andre av dei store entreprisane i prosjekta Ryfast og Eiganestunnelen.

- AF Gruppen er glade over å ha vunnet en ny stor tunnelkontrakt. Vi ser frem å fortsette å videreutvikle tunnelkompetansen i AF og fortsatt være en ledende aktør i underjordsmarkedet. Vi er godt fornøyd med å ha fått tillit av Statens vegvesen til å utføre dette store og viktige prosjektet, sier Pål Egil Rønn, konsernsjef i AF Gruppen.