Største kontrakt for Vassbakk & Stol

Regionvegsjef Helge Eidsnes signerte i dag kontrakt med Vassbakk & Stol AS for bygging av ny europaveg E134 utanom Skjold. – Hugs helse, miljø og sikkerheit i arbeidet, oppmoda han.

Vassbakk & Stol vann kontrakten om å bygge den nye europavegen mellom Skjoldavik og Solheim med knapp margin. Om kort tid startar Kopervik-firmaet arbeidet. Den nye vegen skal dei bygge for 257 millionar kroner. Totalt kjem heile prosjektet på nær 400 millionar.

– Dette er eit spennande prosjekt, sa regionvegsejefen, med både bruer og tunnelar. Og det blir krevjande å bygge veg der det er mykje trafikk, skule og trafikantar tett opptil anleggsområdet.

Viktig med sikkerheit
Regionvegsjefen nytta høve til å minna om kor viktig det er med helse, miljø og sikkerheit i anleggsarbeidet.

– Vi har altfor mange som omkommer på jobb, sa han. Hugs at de følgjer opp underentreprenørar også på dette området. Regionvegsjefen fortalde også at han hadde vitja Vassbakk & Stol på anlegg før, og at han difor hadde tillitt til at dei kjem til å ta ansvaret på alvor.

Største kontrakt
Den nye strekninga av europaveg 134 i Vindafjord er ein del av Haugalandspakken. For Vassbakk & Stol er kontrakten om E134 Skjoldavik–Solheim den største kontrakten firmaet nokon gong har hatt.

– Vi er veldig glad for at vi fekk denne jobben, sa administrerande direktør Inge-Jan Thorsen. Vi hadde peika oss ut dette prosjektet, og gleder oss til å ta fatt.

Thorsen ville ikkje seie kva dag dei startar opp, men lova at det blir i løpet av sommaren.

Det er prosjektleiar Asbjørn Opedal som skal ha ansvar for bygginga for Statens vegvesen.

– Allereie i dag skal vi i oppstartsmøte med Vassbakk & Stol, fortel han, og onsdag er det samhandlingsmøte.

Heile prosjektet skal vere ferdig i desember 2015.