2 ingeniørgeologer til Solbakktunnelen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens Vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedTau
Søknadsfrist11.08.2013

Vil du ta del i bygginga av verdas lengste undersjøiske vegtunnel? 

Statens vegvesen søkjer kontrollingeniørar og ingeniørgeologar til bygging av eit av Norges største samferdsleprosjekt, Rv.13 Ryfast og E39 Eiganestunnelen.

Statens vegvesen treng fleire gode medarbeidarar for utbygging av Ryfast og Eiganestunnelen. Prosjektet vart endeleg godkjent av Stortinget i juni 2012 og byggestart på første entreprise var i november 2012. I denne omgang søkjer vi etter:

2 ingeniørgeologer til Solbakktunnelen utlysingsnr: 3-054-13 

Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger.

__________________________________________________________________________


E39 Eiganestunnelen inneber ny tunnel frå motorvegen til nordre utløp av Byhaugtunnelen og ny veg frå Byhaugtunnelen og Eiganestunnelen til Smiene.

Prosjekt Eiganestunnelen er delt inn i to hovudentreprisar:
 Eiganestunnelen: Ny tunnel frå Schancheholen og Madlaveien til nordre utløp av Byhaugtunnelen, med tilhøyrande konstruksjonar og veg i dagen
 Eiganes nord: Dagsone med nye vegar og ny bru mellom tunnelen og Smiene.


Rv. 13 Ryfast er nytt vegsamband mellom ny E39 i Stavanger kommune og rv. 13 i Strand kommune. Hensikta er å etablere fastlandssamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren og nytt fastlandsamband til Hundvåg frå Stavanger.

Ryfast er delt inn i to hovudentreprisar:
 Solbakktunnelen: 14,3 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Solbakk i Strand og Hundvåg i Stavanger. Siste del opp mot Hundvåg ligg i entreprisen for Hundvågtunnelen. I tillegg kjem naudsynte element og tilpassinarr ved daganlegg på Solbakk.
 Hundvågtunnelen: 6,9 kilometer undersjøisk tunnel under Byfjorden mellom Hundvåg og Stavanger (inkl. ca. 1,2 km fellesstrekning med E39 Eiganestunnelen, samt element og tilpassingar ved daganlegget på Hundvåg). Entreprisen inneheld delar av Solbakktunnelen.

 


Arbeidsoppgåver for kontrollingeniør/ingeniørgeolog:

Rapportering og tett samarbeid med byggeleiarane for hhv Ryfast og Eiganestunnelen
Oppfølging av kontrakt med entreprenør med fokus på teknisk kvalitet inkludert oppfølging av entreprenøren sin driftskontroll og gjennomføring av byggherrens stikkprøvekontroll
Oppfølging av kontrollplanar
Handtering av fråvik, tillegg og endringar
Medverka i den daglege kontakten med offentlege etatar, naboar og andre som blir råka av anleggsarbeidet
Sikkerheitsdokumentasjon (tunnel)
Sluttdokumentasjon

For ingeniørgeologane gjeld i tillegg at dei må ha kunnskap om driving og sikring, handtering av svakheitssonar og injeksjon.

 

Kvalifikasjonar for kontrollingeniør:
Du må ha relevant utdanning og erfaring, helst frå tunnelbygging og vegbygging.
Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er initiativrik og har dei rette personlege eigenskapane for å jobbe i team.
Det er elles viktig med gode datakunnskapar sidan kommunikasjonen og dataflyt mellom byggherre, rådgjevarar og entreprenørar i hovudsak er basert på internett/web-hotel.

 

Kvalifikasjonar for ingeniørgeolog:
Du må ha utdanning som ingeniørgeolog frå høgskule eller universitet og ha relevant erfaring, helst frå tunnelbygging. Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er ryddig og strukturert samt har gode evner for samarbeid.
Det er elles viktig med gode generelle datakunnskapar sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotel.

 

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT (www.nokut.no).

Det er krav om førarkort kl B til alle stillingane.

 

Lønn:
Stillingane blir lønna etter avtale og avhengig av kvalifikasjonar og i høve til etatens lønspolitikk. Det blir trekt 2 prosent til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen er opptekne av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.
Prosjektet er planlagt ferdigstilt i 2019. Stillingane er faste i Statens vegvesen, og ved prosjektslutt blir personell overførde til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

Statens vegvesen vil i løpet av vinteren 2013/2014 lyse ut fleire stillingar som kontrollingeniørar og ingeniørgeologar knytt til Eiganestunnelen og Hundvågtunnelen. Følg med på www.vegvesen.no/jobb

 

Kontaktpersonar:
Prosjektleiar Gunnar Eiterjord (m. telefon: 91877089, epost: gunnar.eiterjord@vegvesen.no )
Delprosjektleiar for Ryfast Anne-Merete Gilje (epost: anne-merete.gilje@vegvesen.no)
Delprosjektleiar for Eiganestunnelen Dag Daland (epost: dag.daland@vegvesen.no)  

 

For meir info om prosjektet:
http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/e39eiganestunnelen
http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/ryfast

 

Søk via vår jobbportal på www.vegvesen.no/jobb  - sjå aktuelt utlysingsnummer. Evt. direktelink:

https://vegvesen.easycruit.com/vacancy/application/cfa0ef0e49811ba6ab838ffd518a2663/999905/8187?iso=nn&channel=bygg

Vis flere stillinger: