Jondalstunnelen må asfalteras på nytt

Etter at Jondalstunnelen vart opna i fjor er det registrert relativt omfattende kvalitetsavvik på det øvste asfaltdekket i tunnelen. Dette er ei reklamasjonssak som Statens vegvesen no får retta opp før ferie, skriv vegvesen.no

Arbeidet startar 12. juni og vil gå føre seg mellom klokka 06.30 og 20.00 på kvardagar. Alt skal vere ferdig i løpet av laurdag 22. juni.

Tunnelen vil bli opna for trafikk med kolonnekøyring kvar halvtime.

Da det ikkje er lett å tilpasse opningstidene etter ferjerutene gjennom heile dagen, er eit alternativ å nytte ferja Årsnes-Gjermundshamn.

NCC Roads As var utførande asfaltentreprenør for produksjon, klebing og legging av asfalten. Dei har gjennomført omfattende undersøkingar for å finne omfanget av og årsakene til dei skadene som har oppstått på asfaltdekket.

-Vi har no i samarbeid med entreprenøren bestemt oss for å frese ut asfaltdekket og legge nytt på til saman ca 6 kilometer av Jondalstunnelen, seier prosjektleiar Rolf Harkestad. Dette arbeidet blir utført som garantiarbeid og har ikkje økonomiske konsekvensar for prosjektet.

Her kan du lese Byggeindustriens prosjektomtale.